mandag 13. februar 2012

Mure ??



Her er kandidaten som skal delta i X-faktorkonkurransen Orange. Eg må vedgå at eg slett ikkje er sikker på kva slags art dette er, men reknar med at det er ein Potentilla. Dette er den som er i alle hagar her rundt omkring og det ser ut til at dei tåler det meste. Eg likar dei godt, kanskje aller mest på grunn av det fine bladverket, men og fordi ho kjem trufast med orange blomar heile sommaren, dersom eg passar på å ta vekk dei som er avblomstra. Fin til botndekke.  Lykke til i konkurransen.
Dersom nokon kan gje meg eit hint om identifikasjon så er eg takknemleg.

3 kommentarer:

  1. Du har bilde av en Geum av et eller annet slag :)
    Det stemmer i alle fall med bladene! Denne har jeg ikke selv, men har ofte lurt på hvorfor! Den er jo så flott!
    Lykke til!

    SvarSlett
  2. Hei Krepsemor, ja sjølvsagt er det Geum. Eg kunne liksom ikkje få det til å stemme med lauva på Potentilla. Då står det berre att at nokon finn ut av arten. Tusen takk for oppklaringa.

    SvarSlett
  3. Enig i at Geum har lekkert bladverk, kan dessverre ikke hjelpe deg med arten.
    Lykke til i konkurransen :-)

    SvarSlett