mandag 29. april 2013

HØNSEGJØDSEL OG KALK med retting

Eg har ikkje allverdens kunnskap om gjødsling og kalking, men eg har kome fram til noke som funkar i hagen min. Eg har hatt hage i snart 40 år og heile tida har eg brukt kalk eller skjælsand, hønsegjødsel og kukompost, heimelaga kaldkompost og dei siste 10 åra har eg og brukt beinmjøl og litt blodmjøl. Dei siste 3 åra har eg og hatt tilgang på stallgjødsel av hest som eg har brukt litt av.
Kunstgjødsel og all form for sprøyting har ikkje tilgjenge i beda mine.
Eg har heller ikkje fylt på kjøpejord i beda, for alt dette gjer at det vert nok nok jord. Jorda har etter mitt syn god struktur, ho er full av liv, og det ser ut til at plantene trivast svært godt. Plantene er heller ikkje særleg plaga av sjukdom og lus. Den lusa som kjem om våren på rosene tek eg med fingrane, resten tek meisene, dei andre småfuglane og marihønene.
 Det einaste eg kan komme på er at den einaste Helleborus niger, (skreiv først orientalis) som eg har er plaga med sopp, i år vart heile planta vekke, eg klipte vekk det gamle, og ho stod med masse knoppar, men så vart alt svart, og no har eg teke det vekk. Så får eg sjå om eg finn eit kjerringråd eller eit anna råd slik at eg kan få ei frisk fin plante til neste år, dersom ho overlever. 


I kveld har eg vore ute med kalk på pionane og Helleborusane, dei skal få gjødsel litt seinare.


Rosene har fått rikeleg med kompostert hønsegjødsel og så har eg hatt eit lett dryss av den same gjødselen over staudene. Tulipanløkane fekk og eit godt lag med gjødsel, dei fekk ei god dose med beinmjøl i haust. Det er veldig kjøleg ute, med snøbyer i lufta, men no vert det meldt om varmare veir frå helga, så då tenkte at det kunne vere greit at næringa kom på plass slik at det kunne løyse seg opp til varmen kjem.
Ha ein god mandagskveld alle som er innom!


9 kommentarer:

  1. Du er flink som berre brukar naturgjødsel:) Eg vel nok litt lettvinte løysingar i min hage, men men...

    SvarSlett
  2. Takk for gode og sunne gjødseltips!

    SvarSlett
  3. Gjødsling kan jeg jeg lære mye mer om! Jeg bruker også hønsegjødsel om våren, men glemmer nok å gjødsle i løpet av sesongen.

    Hva gjødsler du Peonene dine med? Har lest at de ikke skal ha husdyrgjødsel, men litt tåler de kanskje?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg brukar husdyrgjødsel, kalk og beinmjøl. Eg ser at "pionmannen" seier at trepionane kun skal ha Fullgjødsel 12-4-18 og ikkje beinmjøl heller. Eg har diverre ingen trepion enno så det har ikkje vore aktuelt. Det ser ut til at dei tåler god husdyrgjødsel, men eg trur eg har lese ein plass at dei kunne verte smitta av ein eller annan sopp.

      Slett
    2. Takk skal du ha. Jeg visste ikke at det var forskjell på vanlig peon og trepeon. Men siste har ikke jeg heller ;-) Det får gå som det går...

      Slett
  4. Her var det mange gode tips Else, jeg har kalket i dag og hønegjødsel har jeg lagt i vann så skal jeg spe det ut i morgen.
    Beinmel skal jeg skaffe meg og komposten skal jeg bli flinkere med.
    Ha en fin kveld.

    SvarSlett
  5. Flotte gjødseltips!
    Det høres ut som jorden din får kun det beste..og da blir det et levende samfunn der nede:)
    Jeg bruker også kompost og benmel,itillegg til hønsegjødsel som pellet.Dette fungerer veldig bra..kalking er jeg ikke så flink med men bruker litt akse fra i vinter.
    Ønsker deg en fin 1.Mai:))

    SvarSlett
  6. Hei igjen! Nå har jeg utfordret deg til å skrive litt om humlene! :) Tipper at de har det godt hos deg!

    mitt bidrag her

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, jeg kikket nok bakover akkurat ett blogginnlegg for lite :D Så kjekt at du er så aktiv på bloggen igjen! Det er vel et godt vårtegn det også.

      Slett