mandag 20. januar 2014

FRØ FRÅ STA OG SÅING AV PIONFRØ

I dag fekk eg fruktene av arbeidet eg hadde i haust med å sanke frø og renske dei, for så å donere til STA. Ein stor velfyld konvolutt kom med posten og alt eg ynskte hadde eg fått, for ei lukke.
Eg hadde kryssa av for frø av pionar, det er ikkje dei kjappaste frøa å få planter av, men det er stort når eg finn spirer i pottene.


Her har eg stolt pakka opp alle frøpakkane, 30 pakkar ialt. No er turen komen til å få dei registrerte i Excel-arket mitt, så skal eg finne ut korleis eg skal så dei forskjellige sortane.


Eg starta med Pionfrøa, det er forskjellige måtar å gjere dette på, men etter som eg forstår så kjem alle måtane fram til spiring, det er helst eit spørsmål om tålmod. Eg har tidlegare prøv å legge frøa i zip-posar med mose på badet, for så å ha dei i kjøleskåpet, før eg sådde dei og hadde dei ut ilag med den andre staudesådden.
Eg har og sådd dei direkte og sett dei ut ilag med dei andre pottene.
Eg meinar at eg har fått spiring på begge variantane, men det har vore ein god del frø som har rotna.
I dag har eg rigga meg tel med vermiculite, den har eg fukta og her står han til avrenning. Denne metoden har eg frå ein svensk hageblogg, og frå Hagepraten sitt forum. 



Eg har skaffa meg 9 ulike artar og sortar frø, og som det går fram av biletet så er det stor forskjel i storleik. Det var og stor variasjon i kor mange frø det var i kvar pose, mellom 4 og 11 frø.
No har eg plassert alle posane med frø, vermiculite og plastspil med namn og nummer attmed vedaovnen i stova. Den optimale temperaturen framover no skal vere på 25 C og slik skal det vere i omlag 3 mndr. Posane må sjekkast ofte for å sjå om det er frø som myglar, det kan for ødelegge alle dei andre i posen og. Det er liksom meininga at no skal det kome rotspire på frøa medan dei ligg varmt, når det er kome rot så skal dei inn i kjøleskåp for å vidareutvikle seg, før eg har dei over i potte med jord.
Den som lever får sjå.

4 kommentarer:

  1. Så spennende med alle de frøene du skal så! Jeg har fått peonfrø til å spire ved å legge de i et glass med vermiculite med lokket litt på snei stående på kjøkkenbenken under lys, Det var frø av Paeonia rockii som jeg hadde, og det tok over et halvt år før de spirte. Så med sånne frø kan en ikke være utålmodig ;-)
    Lykke til med spiringen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Paeonia rockii var dei frøa som rotna første gongen, eg har ein sådd frå 2012 som ikkje har spirt enno, får tru det går betre med den.

      Slett
  2. Herlige tid...så spennende! Og for en kunnskap og tålmodighet du har... Jeg holder meg til det enkle og trygge og helst der som blomstrer samme året. Men kjenner at det virker spennende det du beskriver. Du forteller vel hvordan det går?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kjem vel noken skryteinnlegg dersom eg får det til. Men no er eg så hekta at eg vert ikkje freista til å kjøpe ferdige planter lenger, og i så måte er det ein rimeleg hobby.

      Slett