mandag 28. februar 2011

FØRSTE TEIKN PÅ VÅR

Vanleg raud kubjelle, Pulsatilla, mi aller første erfaring med Pulsatilla. Denne rota har eg hatt nokre år, og det er ei plante som eg likar godt. Ho er av dei aller første som kjem, blomstrar lenge og kjem med fine frøstandar. I fjor sådde eg fire slag av frø frå Magnar og Akoen. Dei har spirt, med unntak av Pulsatilla vulgaris Mix. I haust sådde eg Pulsatilla alpina ssp apiifolia. Dei står bak uthuset og ventar på litt meir varme i lufta.
--
Dette er Clematis alpina, den har eg hatt i ei krukke på terrassen i mange år no, og gler meg med blomar tidleg i mai. Eg har ein plan om at den skal plantast ut i hagen til sommaren og ein ny skal i krukka. Har sådd ein del clematis og, i fjor sådde eg Clematis chilsanenses, C. macropetala og C. recta purpurescens. Dei to første har spirt og kom i god vekst, men eg veit at spiretida kan vere lang på Clematis så eg kjem no til å kike spent i såpotta til våren. Eg har og sådd mange sortar i haust som står bak uthuset, pluss at eg hadde god erfaring med å ta avleggarar.

Ellers så er det lite teikn til vår, den eldste peonen min kjem og med raude skot. No er det raude Celsius grader på meldingane framover så då kan det verte mykje som skjer.
I dag er det omlag 7 grader, vindstille og etter at skodda letta så har det vore klår himmel.
No skal eg i planteromet og vatne litt og sjekke såpottene, kanskje er det meir på gang.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar