tirsdag 29. mars 2011

Kuldegrader i drivhuset

Ved å klikke på biletet så viser frøspirene av Keisertreet betre.
Huff, huff i natt har det vore kaldt i drivhuset, -1,2. Ute har det vore -6,9. Det var så kaldt ute ei natt før, men då har det truleg ikkje vore så kaldt, for då hadde minimumstemperaturen inne vore 1,2. No kryssar eg fingrane for at det har gått bra, dei såg tilsynelatande godt ut, men det ikkje godt for plantene at det vert så kaldt. No er det -3,4 og det ser ut til å verte ein fin dag. I dag har eg tenkt å flytte endå fleire planter ut. Det er meldt adskilleg varmare veir, og så skal eg verne dei med agrylduk i starten.

2 kommentarer:

  1. Huff så kaldt i drivhuset, men det går sikkert bra med plantene, æ har en liten vifteovn stående på ute i drivhuset på natten.
    Ha en fin dag fortsatt, Lisbeth ;)

    SvarSlett
  2. Det ser ut til at plantene har klart seg. Det var no ganske dumt av meg å å ikkje dekke dei, men det har eg gjort no til natta.
    Eg har berre ei frostvakt på 200W, det vert nok litt lite når det vert så kaldt.

    SvarSlett