
Dei som derimot er prikla, og har kome i ei endå større potte er alle variantane av lobelia. Dei veks og struttar, dei som vert mest ranglete har eg toppa. Andre står med knoppar, og kjem til å blomstre snart. Men dei tek stor plass i glaskarmane når dei står i 8x8 potter.
Andre som er prikla og står inne er: Gymnocadus dioicus - Kentuckykaffi - 3 planter, Stor voksblomst, Blånonsblomst, 2 slag trikolorvindel, 3 slag pyntekorg, 3 slag sommargeorgine, zuluasters, månevindel, blodbeger, stor hengeverbena, raud vippeblomst, flittige lise og ei mimosa.
Eg set ut i drivhuset det som eg torer, og som eg ikkje treng å drive så fort fram, der står førebels: mange spirer med Alexandria månedsjordbær, mange potter med ulike sortar kongslys, anisisop, fakkelranke, nesten hundre potter med sølvkrans (den spirte godt), artiskokk, værhane, daglilje, snøsløyfe ogPaulownia tomentosa -keisartre (21 stk).
I dag fann eg to potter med Aubrieta cultorum som eg sådde inne i februar, og sette ut ein månad seinare, med spirer. No sette eg dei på ei hylle i drivhuset, og då reknar eg med dei kjem seg fort.
Eg kika litt under lauvdekket som eg har på staudepottene, og ser at etter helga vert det på høg tid å renske lauvet vekk.
I dag er det 3 grader, lette snøfjon i lufta og litt trekk.
Det er jo litt artige å prøve seg på noen sånne vriompeiser. Om man ikke lykkes så er det nesten forventet, og om man lykkes så er det grunn til full jubel :)
SvarSlettDet er spennende med vriompeiser. Det er ikke alltid en lykkes, men spenningen er jo å prøve. Skal si du har mange sølvkrans! Du vet at de er 2-årig? Jeg lar mine stå ute vinteren etter og så står de like fint en sommer til :-)
SvarSlettOj, den blomsten var skikkelig flott! Jeg håper du får den i blomst, og at vi også får se den!
SvarSlettOg mye annet flott som spirer hos deg også. Jeg håper også å få ta i bruk drivhuset snart!
Så som det spirer hos deg :D Moro!!
SvarSlettHei til alle som har sendt kommentarar, takk. Det er verkeleg moro når det spirer i pottene, sjølv om eg no har mange sortar, så er eg like glad for kvar sort. Sølvkransen den spirte godt ja, lett å prikle var den og, ingen som lei prikledøden. Mor mi hadde sett ein kant på eid bed som var planta med sølvkrans og lobelia i Familien som ho tykte var fint. Så no har eg nok til både henne og meg.
SvarSlettAristolochia baetica ser ut til å kunne verte ein fin plante, eg lovar at ho vert ein gjengangar på boggen.