søndag 6. mars 2011

PLANTEROMET ER FULLT, GLASKARMANE ER FULLE.....


Dette er litt av dei nyprikla blodbegerspirene mine, eg har 35 potter, det er berre ei i dei fleste, men noken var så små at dei sette eg to i kvar. Dei største har eg toppa og. Så no får eg håpe dei tåler ompottinga. Har lese at det er ikkje det beste dei veit, men eg var forsiktig og dei fekk god jord som eg hadde litt perlite i. Eg brukar Bogrønt si økologiske jord. Trur eg betalte 130 kr for 3 sekkjer ifjor. Eg trur eg må ha vore ein av dei beste kundane på den sorten jord, for eg kjørde heim mange sekkjer.
Til høgre står lobeliaplantene som eg prikla 15. februar. Det må nesten eit foto til for å tru at det kan gå så fort med dei små spirene.

Dette er Lobelia tenuior, pyramidelobelia. Dei er heilt nye for meg. Dei spirte rikeleg og eg har prikla 3-4 planter i kvar potte og no veks dei godt. Det eg går å lurer på er om eg skal toppe dei, eller om eg då øydelegg heile pyramiden. Eg får kaste eit spørsmål ut på hageforumet, så tenkjer eg at einkvan har erfaring og veit kva som skal gjerast. 
Denne veka har eg sett begoniaknollane i jord og potta om nokre pelargonia som eg tok avleggarar av i haust. Dette er andre ompotting. Eg har ikkje plukka fram eksperimentet med pelargonia og fuksia i isoporkassar som står under tilbygget.  Det er tredje året eg brukar den metoden. Første året var ein suksess, då stod dei i ein kald blindkjellar. I fjor trudde det skulle verte ein normal vinter, og sette kassane godt innpakka i drivhuset, det gjekk ikkje so bra. Så i år er eg spent på korleis det ser ut når eg skal opne kassane.
No har eg potter over alt ståande. Eg fattar ikkje korleis nokre frøposar kan verte til slike mengder med planter. Eg tykte at eg var mykje flinkare enn i fjor til å begrense mengde frø når eg sådde, men det har iallefall vorte mange planter. Så er det vel inga lov som seier at kvar minste spire må priklast, men dei er no så små og nusselege at eg klarar ikkje å bevisst ta livet av dei. Og endå så har eg bugnande boksar med frø som eg MÅ så.  Vel, vel eg får prøve å setje "problema" i perspektiv, og då har eg ingenting og klage over. I dag har det vore sol og snøbyer, gradene  har eg ikkje hatt tida til å sjekke for det har vore ein travel dag, Eg har vore i planteromet, laga middag, baka bollar, sett 5mil, sett dame og herre jaktstart i skiskyting og vore på nettet. No skal eg prøøve å få oppdatert sålista, med spiring og prikling, og så tek eg kveld.

2 kommentarer:

  1. Hei Else, det er så kjekt å lese innleggene dine! Imponerende hvor mye du er i gang med å dyrke fram. Er det ikke herlig når plantene tar helt overhånd. Måtte le litt av at du MÅ så mer :-) De pyramidelobeliane ser flotte ut. Vet ikke om du skal toppe dem, har aldri sådd sånne. Ha en fin uke!

    SvarSlett
  2. Takk Bille, kjekt at du likar å lese bloggen min. Eg las innlegget ditt om den første dagen med varme. Det var ei flott skildring. Det var eit sterkt bidrag til Moseplassen sin konkurranse.
    Fekk ikkje tid til å skrive kommentar då, hadde som du skjønar full jobb med mine prosjekt.

    SvarSlett