tirsdag 14. februar 2012

Medlemsskap i STA

For nokre veker sidan sende eg innmelding til STA, svenske hageamatørar. Grunnen til at eg melde meg inn var at dei har ei rikhaldig frøliste med mange spennande stauder, nesten 2500 namn, i 2011. I dag fekk eg det siste medlemsbladet som kom ut i 2011 som inneheld frølista og masse spennande hagestoff. Eg har ikkje lese noke enno, men sett at det er gode bilete med tekst til og eg gler meg til å lese. Eg trur det skulle vere 4 nummer som kjem ut i året.
Eg håpar det vert eit langt og givande medlemsskap.
http://www.tradgardsamatorerna.nu/
Omslaget till TA 4/2011

Dette er framsida på siste medlemsbladet som kom ut i 2011.

2 kommentarer:

  1. Dette har jeg gått og tenkt på en stund nå :) Nå fristet du meg bare enda mer så jeg melder meg inn jeg og! Her er det sikkert mye spennende for en hagegal :)

    SvarSlett
  2. Det er iallefall eit rimeleg medlemsskap, 150 norske kroner, og med den tilgangen på sjeldne frøsortar.

    SvarSlett