onsdag 13. juni 2012

Tellima grandiflora


Denne har eg skrive om tidlegare på bloggen på grunn av at ho var så grøn og fin tidleg i vår. 
Dette biletet er frå ein annan stad i hagen, og ei anna plante. Sjølv om blomsterstenglane er ganske lange, omlag 50 så gjer ho ikkje så mykje av seg no då det er så mykje anna som vil vise seg fram. Men eg har oppedaga to nye goder med planta og det er lukt og snitt. Ho omgjev seg med ei svak, behageleg lukt som eg ikkje heilt veit kvar ho kjem frå, før eg luktar på dei små blomane. 
Eg har og prøvd blomsterstenglane i bukett og der står dei veldig fint, og passar til det meste. 
Med andre ord, dette er ikkje planta du stormar fram til på hagesenteret, men ho er vel verdt å stifte nærare kjennskap til.

6 kommentarer:

  1. Å så fin den er ,,den har et vanskelig navn da,, Else , nå ble det riktig.

    Jeg har hodet mitt på feil plass noen ganger ,og det verste er at det ikke går over he he.

    Ha en fin kveld , Maritklem.

    SvarSlett
  2. så spennende! nydelig plante! jeg har lest et sted at den også trives i skygge - har du noe erfaring med det?

    SvarSlett
  3. Tellima trivast under dei fleste forhold, dei eg skreiv om tidlegare på bloggen står i skugge. Eg har mange i potte som eg ikkje har solgt/planta ut enno og dei står kjempeflott, og dei pottene får berre sol om morgonen. Dei trivast tørt, vått, i leire og dei er lågallergene.
    Eg brukar å lage ein liten plakat over kvar plante som eg har for sal, og då var det ei som sa at den ytte ikkje planta rettferdigheit, og eg ser i ettertid at ho hadde heilt rett.

    SvarSlett
  4. Tellima er ei undervurdert plante, Synes den er helt nydelig, om en studerer en enkelt blomst er det som en vakker skulptur :))Det morsomste er at den frør seg godt, så en blir ikke tom for planter. Det har kommet meg for øret at det finnes flere sorter av Tellima, flere farver på blomstene, vet du noe om det?
    Ha ei flott helg.

    SvarSlett
  5. Hei Tua, eg har ei svensk bok om Perenner av Marie og Bjørn Hansson og dei reknar opp 3 sortar til: Forest Frost som er "silverbroket", Purpurea som er grøn blomst med raud kant og blada får purpur/raudfarge om hausten, Purpurteppich som har grøne blomar med purpurrosa kant, og blada vert litt raudbrune om hausten.
    Ha ei flott helg du og, no skal eg til kommunesenteret og selje overskotsplanter.

    SvarSlett
  6. Dette var en spennende plante Else:)
    Skal kikke etter den..god helg:))

    SvarSlett