søndag 7. april 2013

FØRSTE ARBEIDSDAG I VEKSTHUSET


Slik såg det ut i veksthuset der staudepottene har vore stabla i vinter. Det har vore kaldt sidan januar, og pottene har ikkje har noke isolasjon. Dette året har vore ei prøveår for å sjå om eg kunne få staudene til å overvintre i pottene, utsette for sterk kulde, men verna mot væte. 


Eg sette inn pottene i haust etter at dei hadde hatt ein godveirsperiode og tørka opp litt. Etter vinteren ser dei litt tørre og pjuskete ut.


Det var spennande å sjå om det var teikn til liv, og her står det tydeleg ei fersk spire klar ei av pottene med Gentiana tibetica.


Potentilla atrosanguinea er heilt klar for ein ny sesong.




Eg har mange potter med spirer av ulike pionar som eg har sådd frå frø frå ulike leverandørar. Desse var potta opp ein størrelse før vinteren slik at røtene ikkje skulle vere så utsett for for frost. Det står friske raude spirer i alle pottene.



Papaver radicatum, fjellvalmue, har ikkje hatt problem med vinteren, dei er tette av nye skot.


No har eg rydda i alle pottene og teke vekk alt det som var visna.


Verbascum hybridum Snow Maiden har vinterpels og dei er klar for ny sesong.

I dag har eg vatna alle pottene med lunka vatn, det var litt av ein jobb, nokre potter var tørre som korkar, men med tolmod så fekk alle vatn.

8 kommentarer:

  1. Heia Else, takk for sist her i bloggland :)
    Så fint at blomstrene dine ser ut til og ha overlevd vinteren, spennende prosjekt og sette dem ut i drivhuset om vinteren.
    Så hagen din kommer til og bli vakker i år med alle de fine staudene :)

    Ha en fin kveld, hilsen Lisbeth ;)

    SvarSlett
  2. Se her ja da var du i full sving med stauder, potter og vår.
    Så mye spennende som spirer, jeg tar med meg dine erfaringer med overvintring i drivhuset.
    Ha en fin ny uke Else.

    SvarSlett
  3. Ååå..her blir det masse godtbiter!..og det ser ut som overvintringen er vellykka:)...jeg høst-sådde staudefrø men er litt usikker på om det blir noe...kanskje ble det for ått i høst..ja,ja prøver bare igjen:))

    SvarSlett
  4. Å så gøy å lese. Dette inspirerer virkelig til å skaffe seg veksthus. Det er jo så gøy å så stauder, så dette skal jeg virkelig prøve. Tuusen takk for tipset! Anne Kari

    SvarSlett
  5. Drivhuset ditt er jo rene skattkammeret! Så bra at plantene har klart seg så godt. Det betyr nok mye å unngå vinterfukt.
    Ha en fin ny uke!

    SvarSlett
  6. Å guri kor kjekt dette var å sjå!! Staudene er nokre hardhausar som toler utrulig mykje og det kan sannelig trengast i denne kylda som har vore denne vinteren.
    Herlig å sjå alle kassene dine med liv i.
    Ha ei fin veke, klem frå MarJE.

    SvarSlett
  7. Dette var litt av en samling med stauder ! Ble helt satt ut her :) Lykke til med oppvåkningen i drivhuset!

    SvarSlett
  8. Godt å se at det spirar hos deg. Trur eg har mista mykje denne vinteren grunna barfrost og tørke, så blir spennande å sjå kva som har overlevd. Får lyst på drivhus eg også her eg sit og kjedar meg på nattevakt, når eg ser alt det du får fram av plantar. Blir spennande å følge med vidare... :)

    SvarSlett