onsdag 9. mars 2011

Dette gler eg meg til


I fjor var første driVhussesong, med alle dei stunder med stor lukke og mykje glede. Det var så herleg å sitje i drivhuset tidleg om våren når nordavinden peip rundt veggene, og inne var det lunt og godt, der eg sat med priklepottene mine. Det var kjekt å sjå korleis plantene strutta og vaks seg rette, tette og fine.
Eg kjøpte ein pakke med 10 assorterte tomatfrø frå Camilla Plum, dei sådde eg inne i januar, og passa og pusla dei fram til fine tomatplanter som eg sette i store murerbaljar i april. Tomatplantene voks og såg ut til å trivast, men det gjekk seint med blomstring og endå seinarE med fruktsetjing.
Eg rista på plantene, så eg er sikker på at dei skalv av skrekk når dei høyrde meg i drihusdøra, for det skulle fremje bestøving. Eg kunne plukke ein og annan tomat, men ikkje meir enn at det var ein eller to i slengen. Sommaren som eg hadde sett føre meg med dei herlegaste salatar med eigendyrka, velsmakande og spennande tomatar, krydra med eigendyrka urter, god olje og litt god balsamico, vart meir og meir ein draum.
Sommaren kom og gjekk, alle feriegjestane var reiste heimatt og eg gjekk der og venta på den store tomatopplevinga.
Posted by Picasa
Men så var endeleg dagen komen 18. august kunne eg gå i drivhuset og plukke ei god samlinga av tomatar. Eg hadde kjøpt inn utallige mozarelloostar, der er ikkje alltid det er tilgjengeleg på den lokale joker, som gjekk ut på dato. Men denne dagen klaffa alt, i kjøleskåpet fann eg raudlauk og ost, eg hadde fått ein herleg crema balsamico i sommarpresang, god olivenolje hadde eg, salt og pepar og. Når eg ser på biletet no, så trur eg at eg måtte ha gløymt urtene, men det smakte himmelsk.
Då treng eg vel ikkje seie meir!!!
I år har eg venta med å så tomatfrø, men dei skal i jorda neste veke. EG GLER MEG.

7 kommentarer:

  1. Åååå så kos! Det blei fine tomater, om en ikke så tidlig som ønsket :) Moro med sånne mixer, blir litt sånn overaskelse hva slags frukter plantene får. Mozzarella har jeg ikke prøvd annet på frossenpizza. Hvis jeg får til tomater i år kanskje jeg skal prøve på en sånn salat som du har laget (funker sikker på kjøpetomater også da ;) )?

    Har prøvd meg på tomater i fleire år uten noe særlig suksse, men i fjor fikk jeg endel og det var moro. Skal så mine frø nå snart også, vi får krysse fingrene for et godt tomatår :D

    SvarSlett
  2. Eg liker ikkje tomater i da heile.. Men det ser utrulig godt ut ! :) :)

    SvarSlett
  3. Kjøpetomatar kan sjølvsagt vere gode dei og, det er faktisk ganske stor forskjel på dei. Eg tykkjer at det ofte er forlite smak på kjøpetomatar. Det er noken gonger eg får tak tomatar som er veldig ujamne i fasongen, dei tykkjer eg smakar godt. Men ingenting kjem opp mot tomatar som ikkje har vore nedkjølte.

    SvarSlett
  4. Den som venter på noe godt, kan høste til slutt :-) Det var to fristende bilder! Men det må da bli salat og mere til flere ganger pr dag når en hel avling først skal settes til livs? Jeg liker godt tomater, men har ikke plass til å dyrke selv. Enig at det finnes gode i butikken iblant, men ikke så lett å huske hvilken som var best, særlig ikke når jeg veksler mellom 2-3 butikker.

    SvarSlett
  5. Så mange forskjellige typer tomater du har dyrket. Ingenting er som å plukke sin egne tomater fra drivhuset.

    SvarSlett
  6. momsmoms :)
    En kan o bli spør av å gå sånn og vente på frukt og grønnt. Men så er det jo verdt det!

    SvarSlett
  7. Har selv sådd frø kjøpt av Camilla Plum og blir facinert av alle de ulike sortene som finnes! Man gjør seg noen erfaringer og de svarer ikke alltid til forventningene. Jeg synes bilde av samlingen din så så flott ut og ønsker deg lykke til med årets avling! Hege

    SvarSlett