torsdag 31. mars 2011

Liv i overvintra staudepotter

Eg har skrive tidlegare på bloggen om at denne vinteren så har eg hatt mange staudepotter til overvintring. Dei har overvintra liggande med eit godt dekke med lauv. Stor var spaninga i dag då eg tok vekk lauvet. Hadde det gått bra? På biletet over er det Kjempeprestekrage Crazy Daisy som med all tydeleg heit viser at det er liv, det same var det i dei andre pottene med Kjempeprestekrage, dei fleste av desse står ganske fast, ettersom røtene har vokse igjennom potta. Eg får lirke dei lause og gje dei nye potter, så går det nok bra.

Dette er eit lauv av ein rynkestorknebb, den ser og ut til å ha hatt det bra, det er nokre andre storknebbar og som eg trur har overvintra.

Frøa til Valmuesøster er svært små, og eg fekk mange spirer. Ettersom eg ikkje kan kaste ei spire, så hadde eg minst 50 potter til overvintring. Det einaste som ikkje hadde tålt vinteren så godt, var sjølve pottene. Det var kraftige spirer i alle som var bøygde mot lyset, men eg reknar med at dei rettar seg opp, no når alle pottene står rett veg. Nokre var faktisk frosne fast i bakken endå, så dei må eg vente med å snu.

Dette  er Pulsatilla papageno, desse lever og.

Eg sådde ein balndingspakke med Heuchera, Emperors New Cloths, 27 planter vart det.  Det var omlag likt fordelt mellom raude og grøne planter. Dei har og overlevd svært bra. 
Kva er dette mon tru? Svar kjem seinare. Ikkje alle merkelappar var på rett plass.

Dette er Helleborus corcisus, Grøn julerose. Friske fine lauv.
I tillegg til dette hadde eg stiklingar av lavendel, ulike slag flox, clematis og avleggarar frå andre planter i hagen. Det ser ut til å leve alt. Vinteren har vore streng, men denne metoden har vore ein suksess.

2 kommentarer:

  1. Så fantastisk bra! Det er utrolig spennende å inspisere sånne potter. Jeg har noen i feriehagen, hadde et uhell med håndtverkere i vinter som endevendte den ene staude kassen og tømte alt innhold oppå en annen staudekasse med potter, noe var frøpotter så det var ikke røtter til å holde alt på plass. Så merkingen er litt i uorden, men håper jo å være (nesten) like heldig som deg :-)

    SvarSlett
  2. Ja desse handverkarane - dei anar vel ikkje kor mykje arbeid det ligg bak alle pottene våre. Eg ser det for meg der dei endevender staudekassen og dei hadde vel noken fornuftige kommentarar og.

    SvarSlett