onsdag 2. mars 2011

SJØLVLAGA FRØPOSAR TIL FRØPAKKE


No har eg laga frøpsar med bilete og litt tekst til frøa som skal i Frøpakken og som eg skal bruke når eg samlar frø frå eigne planter til hausten. Bakgrunnen for denne måten å lage posane på har vore at det må vere minst mogeleg papir, dermed tek dei liten plass i Frøpakken. Eg har og tenkt at det er kjekt med namn og litt tekst når eg skal sanke frø sjølv, det er ikkje alltid eg veit kva som er rett namn på planta, men med bilete på posen så har eg iallefall ein ide. No må eg tilstå at ideen er ikkje min, eg har sett litt på posane som andre hagegale har gjort før, men eg har omarbeidd dei slik at det er minst mogeleg papir i dei.
Ellers så er jo posane i pergament supre, men der er ikkje bilete. Eg har brukt litt av dei og.
Frøa som eg har laga til er:
Clematis alpina -sjølvsanka
Clematis 'Miss Bateman' - sjølvsanka
Clematis dunkelrot - sjølvsanka i Tyskland
Clematis lia hell - sjølvsanka i Tyskland
Clematis rot kleinblutig - sjølvsanka i Tyskland
Clematis weinrot - sjølvsanka i Tyskland
Blodbeger - sjølvsanka
Morus nigra, svartmorbær - Impecta
Vacciunium vitis-idaea , tytebær - Impecta
Lupinus regalis, The Pages - Impecta
Ammi majus, Kvit kongeskjærm - Impecta
Paulownia tomentosa, Keisertre - Frøtorvet
Cotinus coggyria, Parykkbusk - Impecta
Coreopsis tinctoria 'Amulet', Tigerauge - Impecta
Viola wittrokiana 'Alpensee' + 'Firnengold' + 'Bergwacht' - Chrestensen
Så får eg håpe at noken får lyst litt av desse sortane, det er jo vanskeleg når det er første gongen å vite kva som kan vere interssant for andre.
Posted by Picasa

8 kommentarer:

  1. Hei, så fine frøposer! Smart å lage dem nå før priklingen og hagesysler starter for fullt. Og så fint det ble med bildet øverst i bloggen :-) Liker grønnfargene ellers også, men fargen på lenkene er litt vond å lese, kanskje det bare er min skjerm.

    SvarSlett
  2. Takk Bille, for konstruktiv kommentar. Eg er heilt einig med deg i at teksten var feil farge på. Men det er endå lettare å sjå det når andre ser det for meg. Eg kjem nok til å forandre litt attogfram med fargar ol. eg er ikkje av dei som kan sjå for meg kva som kan verte fint. Men eg sjølv er fornøgd med bildet i toppen og grunnfargen på bloggen. Så vert vel det og endra når eg får lyst til å forandre toppbiletet.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for gode ord på bloggen min :)
    Og duverden så smart du er da, som lager frøposene allerede nå! imponert.

    SvarSlett
  4. Kjempelurt og lage frø posa sjøl, det va noe og tenke på ;)
    Fin hage blogg du har, har lagt dæ til som følger, koselig om du titter innom mæ ;O)

    Lisbeth.

    SvarSlett
  5. Takk for fine kommentarar. No skal eg ikkje skryte på på meg at eg er ferdig med frøposane som eg håpar at eg kan bruke til hausten. Men eg trur eg har tenkt ut ein god mal, som eg kan ta ibruk, og setje eigne foto på når eg har samla og tørka frø.

    SvarSlett
  6. Hei Else :)
    Jeg ser at du ikke står på hagebloggersamlingen jeg organiserer, så nå har jeg satt deg inn.
    http://hageblogger.blogspot.com/

    Dersom du av en eller annen grunn ikke ønsker å stå der så send meg en epost så sletter jeg deg straks.

    SvarSlett
  7. Hei:) For en koselig blogg du har! Jeg legger meg til som følger. Det blir spennende å følge deg utover våren! Masse spennende frø du har:) Cathrine

    SvarSlett
  8. Hei Anne, sjølvsagt vil eg stå på hagebloggarsamlinga. Tusen takk, det er jo ei oppmuntring og eg håpar at det kan vere noken som vil få glede av å lese bloggen min. Eg set iallefall stor pris på å lese andre sine bloggar.
    Hei Cathrine, takk for fyggeleg kommentar.

    SvarSlett