torsdag 24. mars 2011

Spiring og prikling

Posted by PicasaDette er så langt utviklinga på Aristolochia baetica, det er ujamn spiring, men det er nokre fleire på gong enn dei som viser på biletet. Det skal verte artig å fylgje denne planta framover, etter som eg kan lese på Hagegalforumet så er ho ikkje lett å få i blomst. Men det kostar så lite å prøve, kanskje vi får nokre "soliga" somrar her i vest. Enno må eg vente litt før eg priklar desse:
Dei som derimot er prikla, og har kome i ei endå større potte er alle variantane av lobelia.  Dei veks og struttar, dei som vert mest ranglete har eg toppa. Andre står med knoppar, og kjem til å blomstre snart. Men dei tek stor plass i glaskarmane når dei står i 8x8 potter.
Andre som er prikla og står inne er: Gymnocadus dioicus - Kentuckykaffi - 3 planter, Stor voksblomst, Blånonsblomst, 2 slag trikolorvindel, 3 slag pyntekorg, 3 slag sommargeorgine, zuluasters, månevindel, blodbeger, stor hengeverbena, raud vippeblomst, flittige lise og ei mimosa. 
Eg set ut i drivhuset det som eg torer, og som eg ikkje treng å drive så fort fram, der står førebels: mange spirer med Alexandria månedsjordbær, mange potter med ulike sortar kongslys, anisisop, fakkelranke, nesten hundre potter med sølvkrans (den spirte godt), artiskokk, værhane, daglilje, snøsløyfe ogPaulownia tomentosa -keisartre (21 stk).
I dag fann eg to potter med Aubrieta cultorum som eg sådde inne i februar, og sette ut ein månad seinare, med spirer. No sette eg dei på ei hylle i drivhuset, og då reknar eg med dei kjem seg fort.
Eg kika litt under lauvdekket som eg har på staudepottene, og ser at etter helga vert det på høg tid å renske lauvet vekk.
I dag er det 3 grader, lette snøfjon i lufta og litt trekk.

5 kommentarer:

  1. Det er jo litt artige å prøve seg på noen sånne vriompeiser. Om man ikke lykkes så er det nesten forventet, og om man lykkes så er det grunn til full jubel :)

    SvarSlett
  2. Det er spennende med vriompeiser. Det er ikke alltid en lykkes, men spenningen er jo å prøve. Skal si du har mange sølvkrans! Du vet at de er 2-årig? Jeg lar mine stå ute vinteren etter og så står de like fint en sommer til :-)

    SvarSlett
  3. Oj, den blomsten var skikkelig flott! Jeg håper du får den i blomst, og at vi også får se den!
    Og mye annet flott som spirer hos deg også. Jeg håper også å få ta i bruk drivhuset snart!

    SvarSlett
  4. Så som det spirer hos deg :D Moro!!

    SvarSlett
  5. Hei til alle som har sendt kommentarar, takk. Det er verkeleg moro når det spirer i pottene, sjølv om eg no har mange sortar, så er eg like glad for kvar sort. Sølvkransen den spirte godt ja, lett å prikle var den og, ingen som lei prikledøden. Mor mi hadde sett ein kant på eid bed som var planta med sølvkrans og lobelia i Familien som ho tykte var fint. Så no har eg nok til både henne og meg.
    Aristolochia baetica ser ut til å kunne verte ein fin plante, eg lovar at ho vert ein gjengangar på boggen.

    SvarSlett