lørdag 28. mai 2011

Snart sommar etter ein kald vår

Blomar til bryllaupsfest, Impatiens walleriana, Super Elfin Blush Improved, desse Flittige Lisene er verkeleg så flotte at eg kunne nesten delteke på utstilling med dei. Eg har toppa dei ein gong, då tok eg skota på toppen og let greinene på sidene stå. No har dei breia seg godt utover og dei tek til å blomstre i midten og.  Håpar at dei held fram med å utvikle seg like fint dei tre vekene dei har att. 
 Dette er ei Kanadisk rose, kvit med raude kantar, hugsar ikkje namnet, men no er ho i knopp.
Vinteren har vore for hard for nokre av rosene min og, men det er då noken att. Eg har bestemt meg for at eg ikkje skal plante inn att nye roser, heller fylle på med stauder og sommarblomar. Nye roser som eg fell i freisting for eller som eg kan klare å få fram frå avleggarar skal kome i nytt bed. Då slepp eg problemet med nematodar.

 I frøpakken frå UnaCita var det ein pakke med Clematis herbaceous mix. Frøa har eg lagt i ein plastboks frå Konkel med fuktig vermiculite og boksen har vore i romtemperatur. Det tok ikkje lang tid før den første typen frø kom med spirer og dei sår no i god vekst. Eg skulle oppbevare frøa i boksen i minst 6 månader for å sjå om alle frøa spirte. Dersom det er noken som les dette og veit noke om desse klematistypane så skriv gjerne ein kommentar. Frøa kjem frå Gardens North.

Eg har sådd to omgangar med Podophyllum hexandrum, Himalayafotblad. Desse har eg først hatt i vermiculite i kjøleskåpet og så sådd i drivhuset. I går såg eg første spira og er nesten sikker på at det ikkje er gaukunge.
 Ampeltomaten, Hundreds and Thousands, kom i god vekst etter at han vart planta ut, men etter å ha sett bilete av han hjå Solfang så lurer eg på om eg må gje han større ampel.
 Cosmosane var gule i toppen av å stå ute i kaldt regn, så no har dei fått kome innatt i drivhuset og fått litt ekstra med gjødsel, så no håpar eg at dei kviknar til att.
 Dei Cosmosane som har vore inne heile tida er mykje kraftigare.
 Tropaeolum peregrinum, Kanariblomkarse som treng å komme ut  og få nye potter. Dette er ei ny plante for meg, eg synest det er ei veldig elegant plante slik som lauva står ut frå stilken.
 No er tomatplantene i god vekst, dei har vore 3 veker i drivhuset og vert stadig kraftigare.
Tomatillo.
Eg fekk to spirer av tomatillo, og dei har eg jammen styra med. Først så knakk eg ei då eg skulle flytte på plantene på planteromet, toppen sette eg ned att og den er omsider i vekst. Den andre voks og vart rett fin. Så skulle plantene ut i drivhuset og då klarte å kutte planta av med ein merkelapp som var laga av eit rømmebeger. Så var det ny topp ned i jorda. Denne har no ste i 3 veker og luta heilt ned i jorda, men torsdag klarte han å lette hovedet såpass at eg ser at det vert plante av denne og. 

 Bloody Butcher er først ute med blomst.
 Her er det plass til mange planter endå. Eg har planta ut knollgeorginer i rada mellom steinane, så har eg planta Ammi majus, kvit kongeskjærm i mellom dei, eg håpar at det kan verte fint.
Slik ser bedet ut når eg står i gangdøra idag den 28. mai. Det regnar og gradestokken viser 8,1.

3 kommentarer:

  1. Ja, det har jammen ikke vært mye varme å skryte av. Skjønner godt at cosmosen trives best inne. Vi krysser fingrene og håper på varmere vær med det første - og mindre selvvanning..... Ha en fortsatt god helg!

    SvarSlett
  2. Hei Blomsterguri, ja no trur at det har vorte nok for overgartnaren og. God helg til deg og!

    SvarSlett
  3. Ja, vi har hatt et forferdelig regnvær, så det er ikke så rart at de sturer ute! Men det er lysning nå, ser det ut til! Flittiglisene dine er nydelige. Så store og kraftige de er!
    Tomatene dine er i god vekst, så det blir sikkert god avling i år! Mine ser omtrent likedan ut, og mange små tomater er på vei!

    SvarSlett