søndag 22. mai 2011

Kvite blomar

Meconopsis betonicifolia alba i blomst, eg hadde ikkje tid til å vente til ho opna seg heilt, før eg måtte ut å fotografere og dokumentere på bloggen. Velkomen i hagen! Dette er frø som eg kjøpte av Magnar i 2010. Eg hadde god spiring på både den kvite og blå. Det vart den kvite som slo først ut i blomst.

Dette er Potentilla White Queen, av frø som eg kjøpte hjå Akoen i 2010. 4 prikleplanter vart det, men eg trur det er berre denne som har overlevd vinteren. Denne er til gjengjeld svært kraftig og eg reknar med at eg kan samle frø som eg kan så til hausten. Velkomen du og.
Det er heilt spesielt å få fram planter som eg aldri har sett før, og meir skal det verte. Eg har prikla ein masse med stauder som står og veks seg til.
Dette er priklelista så langt:
Gudeblom, 2 sortar kongslys, 2 sortar hagepute, fløyelstjæreblom, limefarga anisisop, værhane, 2 sortar alunrot, lerkespore, blodmure, kjempestikle, kjempeverbena, sabellilje, ein slag nøkkelblom, 2 sortar akeleie, hollenderpipe, rosa og fleirfarga røvebjølle, artiskokk, riddarspore, staudeklematis, dagliljer, gyllenlakk, blodstorknebb, skogflatbelg, purpurtorskemunn, rosa oleander, trompetflokk, gul kubjølle, blodtopp, stjernesmelle, stjerneskjærm, ildblomkarse og stokkrose.
Det er berre eit fåtal av desse som kjem til å blomstre i år, men eg har mykje å glede meg til.
No har det regna rikeleg i ei heil veke, i dag har gradene helde seg over 10, i føremiddag var det opplett, men no regnar det att. Vi har og hatt ei veke med svært mykje vind, og det ser så ut på meldingane att det skal halde fram i komande veke og.

2 kommentarer:

  1. Så vakre de er de hvite blomstene dine. jeg hadde også en hvit Meconopsis, men den er desverre blitt borte. Og så mye som du har prikla.. her blir det mye vakker blomstring etter hvert.

    SvarSlett
  2. Så vakkert med hvit Meconopsis!

    SvarSlett